Sider

KAPTEINEN HAR ORDET: - VI ER KLAR

Berre timar står att til serien sparkast i gang. Årets kaptein, Vegard Nesset Hjelvik, deler her sine tankar om sesongen som står for tur.


(Dette innlegget er eigentleg ein del av eit sesonghefte som i desse dagar kjem i postkassa til innbyggjarane i Skodje kommune. Etter forespurnader frå utflyttarar har vi tenkt å gjere ein del av stoffet tilgjengeleg på nett).

Etter ein fantastisk 2011-sesong med mange mål, godt spel, fantastisk humør, store sigrar, og ikkje minst opprykk er det ei langt tøffare oppgåve som står for tur denne sesongen. I staden for å ta turen til Harøy og Lepsøy, er det no større motstandarar som Langevåg og Spjelkavik som står på motsett side.  Det betyr at vi må førebu oss godt og forbetre oss på mange plan.

Etter fleire sesongar der vi stort sett har styrt oss sjølve, har vi gått inn mot årets sesong med langt betre føresetnader enn tidlegare. Eit støtteapparat med sju-åtte personar, treningshøve Skodje-fotballen aldri har vore vitne til tidlegare gjennom kunstgrasbana og eit flunkande nytt Gomerhus har gitt oss gode føresetnader.  

I høve fjoråret har eit par veteranar gitt seg, men samstundes har vi fått tilbake spelarar som Jan Erik Hellvik (Blindheim), Eirik Fylling (student) og Frode Jørgenvåg (comeback). Det mest positive er uansett at vi har fått fram fleire lokale, unge spelarar som kan gå rett inn og heve nivået. Mellom anna har dette bidrege til ein langt større konkurranse om plassane. Det betyr vonleg at vi skal klare det uttalte målet vårt: Å halde plassen i 4. divisjon.  Det absolutt viktigaste er likevel å ha det moro med fotballen. Difor er det kjekt at vi før kvar einaste trening spelarar i alle aldrar på stadion!

Det er og artig å leggje merke til at dei yngre laga gjer det godt, og at gutelaget blei kretsmeistrar i fjor har vi naturlegvis fått med oss.  Poenget er at det er viktig med ei velfungerande idrettslag som alle bryr seg om. A-lagsspelarane har bevisst hatt fokus på dette dei siste åra for å byggje opp eit mangfald, og vi føler at vi er på riktig veg. No skal ein dessutan kjøpe inn både speakeranlegg og TV-stue, og vi håper at dette skal kunne bidra til at klubbhuset blir ei samlingsstad der vi kan utveksle erfaringar og bli betre kjent med kvarandre. Til slutt håper vi at dette skal gje ei betre samhandling i heile klubben.

Og sjølvsagt håper vi at heimekampane til herrelaget i 2012 skal bli eit samlingspunkt for bygda. Gjennom fjorårssesongen hadde vi ei auking i tilskodarar, og det toppa seg ÅVK kom på besøk i opprykkskampen. At så mange tok turen til stadion gav ei fantastisk ramme på kampen for oss spelarane. Vonleg tek mange av dykk innbyggjarane i Skodje turen på stadion både for å sjå seniorlaget og andre lag i Skodje IL.  Vel møtt!

1 kommentar: