Sider

HISTORISK SUS

Der har vore mange knallharde oppgjer på Kirkebø stadion fram gjenom tidene mellom Stordal og Skøye.  Her er ei historie frå eit  oppgjer for 25 år sidan.
Saksa frå Stordal.nu:

"Gunnar Bratland - ein glad laks i dag .. 
Reis deg opp eller så kommer e å spise de...E ha`kje spist middag i dag... Slik lydde det klare budskadet frå dommar Johan G. Kristiansen då Stordal og Skodje møttes på Kirkebø for nøyaktig 25 år sidan. Men Gunnar Bratland KUNNE ikkje reise seg igjen denne maidagen i 1988. Leggen var knekt og fotballkarriera var over

Gjengangar:
Det er ikkje få gongar denne episoden har blitt rippa opp i i det kvarte århundret som har tikka i ettertid. Historien er sann og stammar frå 6.div.oppgjeret mellom Stordal og Skodje ein maikveld i 1988.

Kampen var berre 20 minutt gammal då Bratland gjekk i duell med Skodjes Paul Ivar Lundbø. Bratland blei liggande med store smerter rett utanfor Stordal sin 16-meter. Frå midtsirkelen var imidlertid meldinga klar; - Reiiis de opp igjen, ellers kommer e å spise de. Og fortsette;

- e ha`kje spist middag i dag!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar