Sider

TIPPETIPS RUNDE 5

Fem rette av seks i forrige runde er vi godt fornøgd med.  Laget som rota til full pott skal vi forbigå i stillheit.  I denne runda går fire av kampane på den store fotballdagen 16. mai, dei to andre blir spela onsdag.

Onsdag 15. mai: 
Åram/Van.kam - Hareid
Lokaloppgjer på søre luten.  Desse to laga kjenner kvarandre ut og inn etter utallige trenings- og ein del seriekampar.  ÅVK brukar å vere sterke heime på Eidsåvoll so Hareid får intenting gratis i dette oppgjeret.  Hareid har komt bra i siget etter ein litt traurig start mot Blindheim og heng godt med i tetstriden.  Til trass for at dette er botn mot topp trur vi på ein knapp men fortjent U på Eidsåvoll.

Ørsta - Godøy
Begge lag står med 5 poeng etter fire rundar.  Bra av Godøy og litt skuffande av Ørsta.  Heime på Ørsta stadion skal og bør Ørsta vinne eit slikt oppgjer, noko anna vil overraske stort.  Vi går derfor for ein klar H her.

Torsdag 16. mai, fotballdagen:
MSIL - Nordborg.
Eit klassisk 4. div. oppgjer som brukar å innehalde stor dramatikk.  Suløens store lag MSIL overraska både seg sjølv og andre med ein klar 3-0 seier mot Skodje i siste runde og klatra dermed bort frå botnstriden.  Norbog på si side heng godt med i toppen med 2. plass på tabellen.  Etter kvart som Norborg-spelarane blir litt mer kjende med kvarandre vil dei nok henge med i teten utover i sesongen.
Rundas sikraste B.

Valder - Rollon.
Eit oppgjer mellom to tradisrike lag, i periodar nær toppen av Sunnmørsfotballen.  Valder har vore litt opp og ned i starten og står med 6 poeng hittil.  Rollon toppar tabellen med 10 poeng.  Vi trur dette kan bli tett og jamnt, men Stig Monsen sine disiplar bør ha ein jamnare og betre stall enn Valder og dermed nok ein B.

Blindheim - Emblem
Lokaldarby i indre bydel.  Om ikkje spelarane høyrer til der er i alle fall laga stasjonerte i same området.  Mykje hummar og kanari på desse to laga men publikum tek vel til å kjenne namna på i alle fall enkelte av spelarane.  Emblem skal vel vere eit betre lag på papiret enn Blindheim, men i slike kampar tel det lite.  Vi trur derfor på U i denne.

Stordal - Skodje.
Eit klassisk 16. mai oppgjer på Kirkebø stadion!  Trenarlause Stordal prøvde ordføraren i førarsetet mot Hareid.  Det vart tap, og han bli derfor i dette oppgjeret avløyst av presten.  Ombyte og forbøn vil dermed foregå i Rosekyrkja.  Skodje på si side sjokkerte sine tilhengarar med å innta tilskodarplass i forrige kamp mot MSIL og tapte fortjent 0-3.  Her må kjærringa peisast, eller kva det no enn heiter, og det er ei folkekrav på Skøye om minst U i dette oppgjeret.  Vi støttar folkekravet, U.

Når denne rekka går inn med mellom anna tre U og to B skulle ein ha til både pølser og brus på 17. mai.

2 kommentarer:

  1. Dei store markerer seg:
    ÅVK - Hareid 2-6. Bom på tippetipset.
    Ørsta - Godøy 4-1. Fulltreffar.

    SvarSlett
  2. Tre av seks i denne runda. Ikkje akkurat noke å rope hurra for.

    SvarSlett