Sider

TIPPETIPS RUNDE 7

I forrige runde vart det fem H og ein B, berre den famøse B-en på Hareid hindra rein H-runde.  Skodjebloggen hadde fire av seks, noko som er brukbart.  I denne runda trur vi på ei UB-runde.

 Torsdag 30.05:
Stordal - Rollon
Stordal fikk skikkelig juling i Uggedalen sist med 1-6 mot Norborg og ligg nest sist på tabellen.  Rollon kneisar fortsatt på toppen med sin 5-1 seier over MSIL i forrige runde.  Dette er vel for ein rein botn mot topp kamp å rekne, og noko anna enn ein klar B vil overraske oss stort, uten at det skal veddast noko særlig.

MSIL - Emblem
Dette er vel nermast for eit nabo-oppgjer å rekne og MSIL er aldri enkle å hanskast med i Mausedvågen.  Emblem tek til å likne litt meir på seg sjølv og heng bra med i toppen.  Suløens store lag er robuste og vi trur ikkje Emblem kjem lett til poenga her.  Vi held faktisk på ein U i dette oppgjeret.

Godøy - Skodje
Godøy overraska både seg sjølv, Skodjebloggen og resten for fotball-Sunnmøre med å banke Hareid på bortebane sist.  For Skodje sin del gikk telen ut av skrotten på ein del av spelarane forrige torsdag heime mot ÅVK.  Vi trur derfor på ein jamn og fartsfyllt kamp på Godøya og tippar U.  For dei med mykje pengar kan ein gardere med H og B.  Om tipset ikkje går inn skal det ikkje etast noko som helst i denne runda.

Åram/VanKam - Nordborg
Igjen topp- mot botnlag.  ÅVK er sisteplassert med berre to poeng etter seks rundar.  Bakover lek laget som ein sil, noko 23 baklengs på seks kampar vitnar om.  Framover på bana er laget bra forspennt og spelande dommar Halsen er ein farleg feiar om har får litt rom.  Norborg på si side kjem frå ein klar heimegevinst mot Stordal og har ein liten tendens til å bli høg etter slike seirar.  Likevel trur vi på klasseforskjel her, B.

Ørsta - Hareid
Eit reint synnaeteoppgjer som brukar å gi jamne kampar.  Hareid er vel fortsatt i delvis koma etter knock-outen mot Godøy.  Ørsta på si side har og litt å revansjere etter 1-4 mot svake Blindheim sist. 
Vi trur på ein tett knokkelkamp på Ørsta stadion og U-en er ikkje til å kome forbi her.

Fredag 31.05:
Valder - Blindheim
Denne runda er det Valder som vil leike litt 3.div.lag og spelar kampen utanom fast 4. div.dag som er og blir torsdag.
Valder gikk på ein skikklig smell på Emblem med 1-7.  Blindheim fikk seg ein oppkvikkar med 4-1 over ustabile Ørsta.  Igjen eit oppgjer mellom eit salgslag og eit kjøpelag og i slike oppgjer held vi på salgslaget,  rundas einaste H.





2 kommentarer:

  1. Fire av fem torsdag, sterkt spør du meg.
    Bomma av alle ting på Godøy-Skøye, og godt er det!

    SvarSlett
  2. Valder - Blindheim 5-1.
    Dermed 5 rette av 6. Fornøgd!

    SvarSlett