Sider

NORBORG TOPPAR

I dag, fredag, vart Norbog ny serieledar i 4. divisjon med ein knallsterk 4-1 seier borte mot Hareid.


Norborg ligg no likt med Rollon på tabellen, begge har 22 poeng men Norborg er på topp med eit plussmål meir enn Rollon.
Å vinne 4-1 på Hareidsmyrane er eit sterkt resultat sjølv om Hareid spelte uten sin motor Husøy.
I ein annan kamp i kveld vann Valder  4-2 borte mot MSIL på Mauseidvåg stadion.  I fylgje Stordal.nu vart denne kampen spela på Allheim, noko vi betvilar sterkt sidan dette er klubbhuset til Mauseidvåg IL.
Skodje skal i dei to siste kampene før feria møte dei to laga på topp, Norborg og Rollon.  Norborg borte komande torsdag og Rollon heime torsdag 27. juni.
Norborg har ein tendens til å bli litt høge etter ein strålande seier so vi sei ikkje so mykje meir før neste vekes møte i Uggedalen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar