Sider

TIPPETIPS - SISTE VÅRRUNDE

4. divisjon avsluttar vårsesongen komande torsdag og  fredag.  Nokre med føtene og glaset høgt, andre med gremmelse og tenners gnissel.
Torsdag 27. juni:

Hareid - Emblem
Hareid viste igjen tenner med ein sterk 4-3 seier borte mot byagutane frå Larsgården (om der finnest lenger nokon frå denne bydelen på Rollon). 
Emblem har teke eit skriftlig oppgjer med spelarkjøp og gitt beskjed til oss andre, at "det er ikkje berre vi som kjøper, og dessuten kjøper vi ikkje, vi hentar".  Må minne om at det er ikkje meir enn ca. 40 år sidan Skøye henta Hans Akslen nettop frå.....ja, heilt rett.  Emblem skorar i alle fall mål, 12 på dei siste tre, om dei er lettkjøpte eller ikkje veit vi lite om.
Trur ikkje på feriepreg i denne kampen, men sjangserikt og målrikt.  Men Hareid er oppe igjen på bølga og vinn. H.

Godøy - Blindheim
Godøy selde seg som venta dyrt på Emblem i forrige runde og skora heile 4 mål borte.  Men kva hjelp vel det når det når fiskebåten lek som ein sil?
Når det gjeld Blindheim skal eg ikkje nemne eit einast ord om Islendingane deira, anna at dei skuffa sist med 3-3 heime mot ÅVK.
Supporterjengen "godøyveggen" er vel blitt litt gresen dei siste åra, og trekken frå botnstrid (der vi har tippa laget) kjennest vel godt.  Likevel trur vi på heimelaget i dette oppgjeret,  sjølv om det ikkje foregår so langt frå Isl...(ops.) H.

Åram/VanKam - Valder
ÅVK kneip seg eit nytt poeng på Blindheim sist, men det blir for lite for å berge plassen i 4. div.  Det er no eit folkekrav at "Odden" kjem inn som trenarkonsulent på hausten for å rette opp skuta.  Vi bør ha ÅVK i 4. div.  Tre sikre poeng til Skøye på heimebane, og ditto tap borte.
Valder har hamna som middelhavsfarar i divisjonen.  Selde dyrt sine stjerner til SIF i vinter og dei får no spele litt i nye og ne, og tapar jamnt og trutt.  Kom dokke utatt på Valderøya so vi kan få det tradisjonsrike laget, med det flotte anlegget, tilbake i sunnmørstoppen!
B, under tvil.

Ørsta - Norborg
Norborg, ein bitte liten klubb oppi Haram, kneisar på toppen av 4. divisjon.  Smått utrulig, men slik kan det og gå, med nokre verkelege eldsjeler i klubben, eit flott anlegg, og pengar i skipsaksjar.  Dei fikk det travelt mot Skøye sine juniorar i forrige runde, men med pondus og kløkt halte dei i land ein noko ufortjent seier.
Ørsta osar tradisjon i Sunnmørsfotballen.  Krigen mot Volda er legendarisk og held begge laga oppe på eit nokonlunde nivå.  Ingen av dei vil kome bak lag som Vartdal, Hovdebygda, Åmdal og Sæbø, sjølv om dei har vore der og.
Jamn kamp og U.

Skodje - Rollon
Skodje viste seg fram i Uggedalen i forrige runde.  Serieledaren la faktisk opp ein god del av spelet sitt etter Skodje sin styrke, berre det er ein liten blomst i hatten for det unge Skøyelaget.
Skodje manglar fortsatt sin skipper på skuta, som har problem med å få kalenderen til å gå opp med 365 dagar i året.  Planlegging heiter vel det.
Rollon leda lenge 4. div., men no buttar det imot, og då må det vel hentast?  Vi får sjå om trenar Stig Monsen, som fikk si trenaropplæring på Skøye på slutten av -90 talet, med all mulig suksess, har lært nok til å rette opp skuta.  Vi tvilar og tippar med hjerte, og lite hjerne (som vanleg), H.

Fredag 28. juni.

Stordal - Mauseidvåg og Solevåg
Denne kampen er oppstart på den tradisjonsrike Stordalscupen.  Stordal brukar å mobilisere det meste inn mot ein slik kamp og denne blir vel heilt avgjerande om Stordal skal ha nokon som helst muligheit til å henge med i divisjonen.  Etter denne kampen reiser spelarane til Stordal fram på Langsætrane og kjem ikkje ned igjen før eit stykke ut i august.  I fotballform er dei då ikkje før ut i september.
MSIL slit og i botnen av tabellen og fikk ein liten oppkvikkar med uavgjort heime mot Ørsta sist.
Vi trur ikkje dette er nok mot eit heiltent stordalsmannskap. H.




0 rette i runde 9 og 1 rett i runde 10 tilsei vel at "Skodjebloggens" tippe-ekspert bør finne seg noko anna å gjere i "sommarvinduet", han blir vel neppe "henta" til noko konkurerande tippe-nettside.

Vel,vel, vi satsar på full pott i denne runda og er vel tilbake til hausten.  God fotballsommar!






2 kommentarer:

  1. Hareid - Emblem 6-2
    Godøy - Blindheim 4-3
    ÅVK - Valder 0-3
    Ørsta - Norborg 2-3
    Skodje - Rollon 1-0 Hurraaa!

    Fire av fem må vi sei oss nøgd med. Og vi spelar alltid på NT, ikkje på private bettingselskap som stikk overskotet i eiga lomme.

    SvarSlett
  2. Stordal - MSIL 4-2.
    Fem av seks i denne runda må vi sei oss godt nøgd med.

    SvarSlett