Sider

TIPPETIPS RUNDE 9

Forrige runde vart ei nermast rein H-runde.  Einaste unntak var Valder - Ørsta som litt overraskande enda B.  Denne runda ligg det an til litt meir blanda drops, trur vi.

Torsdag 13. juni:

Stordal - Blindheim
Stordal har ikkje teke poeng etter 1-1 heime mot Skodje 16. mai og er inne i ei tung periode.  Mulig at juniorlaget sin overraskande 3-2 seier over Herd i 1. div. denne veka kan sette fart på laget.
Blindheim derimot slo til med kalasseier 6-1 over MSIL i forrige runde og ser ut for å ha fått større forståing mellom spelarane både på og utanfor bana.
Vi trur litt på junioreffekta for Stordal og går for ein U på Kirkebø stadion.

Godøy - Rollon
Rollon brukar å slite på Gøyna men i utgangspunktet bør dei vere klar favoritt i dette oppgjeret.  Vi har ein liten mistanke om at Gange-Rolf sine menn kjem til å ta eit lite kvileskjer (eller Lestaskjer) her og satsar faktisk på ein ny U.

Åram/VanKam - Emblem
ÅVK slit fortsatt tungt og står med 2 fattige poeng etter 8 rundar.  Mulig dei må leige inn fjorårets trenar "Odden" som konsulent for å snu trenden?
Emblem heng bra med dei to tetlaga Rollon og Norborg men vi har ein liten mistanke om at ÅVK kjem til å mobilisere alt i denne kampen og får og med sin utkvilde spelande dommar Halsen her.  H.

Ørsta - Skodje
Overraskande nok for dei fleste ligg Skodje framfor Ørsta på tabellen etter 8 runder, Skodje med 13 og Ørsta med 12 poeng.  Skøyegutane er i susande form for tida og står med tre rake.  Ørsta kjem frå ein sterk 3-1 seier borte mot Valder. 
I denne kampen må Skodje sitt råskinn, Eirik Høyvik, sone for tre gule, men dei absolutt fleste på årets Skodjelag har spelt sideback, so dette løyser seg nok.
Vi satsar på ein ny U i dette oppgjeret.

Fredag 14. juni:

MSIL - Valder
Litt pussig at MSIL prøver seg på ein 3. divisjon med kampdag fredag, men mulig dei har lete seg manipulere av Valder som har vore der for ikkje lenge sidan.
To lag som begge gikk på stygge tap i forrige runde.  MSIL brukar å vere solide heime på Mauseidvåg stadion, Valder likar seg best utpå Valderholmen.  Vi trur på eit nytt jamnt og åpent oppgjer som til slutt endar med ein knepen men fortjent H.

Hareid - Norborg
Hareid klamrar seg fortsatt til 3. div. med kampdag fredag og blir like overraska kvar laurdag når seg ser tabellen og befinn seg i 4. div.  som har torsdag som fast kampdag.
Desse kampane brukar å vere ei innhaldsrik affære som kan bikke alle vegar, med unntak av bakover.
Nordre Borgund har med tida blitt et samansett lag frå nordre Sunnmøre mens Hareid på si side har gått over til å produsere spelarar til eige bruk.  Vi held ein knapp eller tre på sistnemnde sin filosofi og sjølv uten "Kimmen" går vi for ein H her.

I forrige runde vart det fire rette av seks.  Noko tvilande til at vi oppnår det same i denne åpne runda.
Tre U og same antal H med so mange sterke bortelag, kan det gå? 
Vi får håpe den overraskande B-en kjem i Ørsta. 


2 kommentarer:

  1. Stordal - Blindheim 2-3
    Godøy - Rollon 3-2
    ÅVK - Emblem 2-2
    Ørsta - Skodje 4-2
    Null fandens rette av fire. Ræva!

    SvarSlett
  2. MSIL - Valder 2-4
    Hareid - Norborg 1-4
    Dermed den nette sum av 0 rette i runde 9. Fantastisk!
    Norborg er dermed ny serieledar med 4-1 på Hareid. Toppar på betre målforskjel enn Rollon.
    Men i neste runde skal dei møte Skøye....

    SvarSlett