Juniorlaget til Skodje deltek denne helga på Futsal-KM slom blir arrangert av nabo Ørskog IL. Turneringa kan du følgje live både i Ørskoghallen og i stua di heime.
Ørskog har hatt fleire KM i den nye Ørskoghallen og har alltid fått positive tilbakemeldingar på flotte arrangement. Vi håpar på det same denne gongen.
Sidan Ørskog behendig slapp unna å møte Skodje i Futsal-KM for menn (unnlet å melde seg på) blir det opp til juniorlaga å konkurrere om kven som er best. Begge laga skal spele innledande runde fredag kveld.
Turneringa kan du følgje live ved å trykke deg inn HER.
Skodje har komt i avdeling saman med Hovdebygda/Volda, Langevåg 1 og FK Sykkylven 2. Volda stiller og med eit reint Volda-lag so det knyter seg litt spenning til kva spelarar som dannar laget HIL/Volda.
Skodje sine kampar går slik fredag kveld: kl. 18.22 LIL 1, kl. 20.32 HIL/Volda og kl. 22.16 FKS 2. Dei to beste frå kvar avdeling går vidare til sluttspelet.
Vi ynskjer juniorane lykke til i Futsal-KM.
bør ha gode sjanser å gå videre her. langevåg 1 er heller ikkje "toppa"
SvarSlettImponerande av Langevåg å stille med heile tre lag. Tilsaman 27 spelarar er registrert inn.
SvarSlettAt interessa for Futsal er stor viser at heile 25 jr.lag deltek i Ørskoghallen, berre to lag mindre enn i senior menn.
SvarSlettTo av 1. div. laga manglar, det er Aafk (skuffande) og Blindheim. Frå 2. div. manglar lag som: Emblem, Ravn, Rollon, Hasundgot og ÅVK.
er det meir skuffande at ikkje aafk deltek enn dei andre laga som ikkje deltek ?
SvarSlettMinst 25 lag hadde også deltatt om det var filtball.
SvarSlettJa, eg meiner det er skuffande at fjorårets kretsmester i Futsal G19 ikkje deltek for å forsvare tittelen.
SvarSlettrekna med att skodje he meldt på fleire lag slik att det blir speletid på dei fleste junior spelerane,og ikkje berre dei som var med på seniorlagets KM.
SvarSlettDet hadde blitt litt tynt om de to som deltok på KM forrige helg skulle stille eget lag....
SvarSlettSkodje har mange flinke juniorspelera som forhåpentligvis skal bli seniorspelera en dag,berre dei bli tatt vare på,og får speletid.
SvarSlettSkøye er vidare til sluttspelet etter to kampar. 3-2 over Langevåg 1 og 6-2 over Hovdebygda/Volda sørga for det. Dermed kan Skøye roe ned i siste kamp mot FKS 2.
SvarSlettArrangørklubben Ørskog krusa også vidare til sluttspelet med 3 strake sigrar. Imponerande av Ørskog som viste seg å vere teknisk, og ikkje minst taktisk, vel skulerte.
Og Skøye hadde vet nok til å legge seg flat i stiste kamp med 2-3 mot FKS 2 slik at Langevåg 1 er ute av dansen.
SvarSlettSer fram til fortsettelsen i sluttspelet!
Skøye kom i lag med to svært gode lag i mellomspelet, Valder og Volda.
SvarSlettValder åpna svakt fredag med 2-8 mot Ørskog men kom sterkt igjen med 8-1 mot MSIL og 6-2 mot Langevåg 2.
Volda vann si avdeli8ng suverent laurdag med tre sigraqr og 14-1 i målforskjell etter 8-0 mot FKS 1, 4-0 mot langevåg 3 og 2-1 over Hareid.
Skøyespelarane må tidlig til sengs sidan dei åpnar ballet søndag morgen kl. 10.00 mot Valder.
Men, det er håp i hengande snøre, kom igjen Skøye!
svært gode er sterkt overdrevet. valder tapte jo 8-2 mot ørskog, så møtte dei to dårlige lag.
SvarSlettVolda kom i ei meget lett gruppe, med unntak av hareid som va brukbar. vil påstå at dette va den beste å komme i.