Sider

SERIESTART - TIPPETIPS

Hurra!  Seriestart i 4. divisjon torsdag denne veka.  Vi gler oss og tippar runda.


Emblem - Skodje. 
Nabooppgjer, sjøv om Skøyebygdarane ikkje reknar dette som nokon klassikar. 
Emblem har raka samen eit sterkt lag frå nært og fjernt og rykka i fjor opp til 4. div.  Sidan har dei raka endå meir og tek i år sikte på toppen av 4. div.  Mange nettsider tippar dei og der.
Skodje på si side held seg til sin jordnære filosofi med eigenproduksjon av spelarar og er stolte av det.  Laget blir av alle tippa i botnsona av divisjonen.
Likevel går vi for ei lita overrasking her og tippar ein klinkande klar U.

Stordal - Ørsta.
I Stordal bur det nesten ikkje folk.  Likevel har dei på nytt eit lag i 4. divisjon.  Sterkt!
Sidan i fjor har dei mista ein bukett Jordanger samt at frelsaren i nest siste serierunde i fjor, Bjørnar Kvamme, har returnert til sitt kjære Ørskog.
Sidan Stranda har fått pol tok Stordalingane handleturen over fjorden og henta inn fire Strandarar, i tillegg til andre godsaker. 
Ørsta på si side, ein gamal storheit i Sunnmørsfotballen, driv som vanleg å byter spelarar i Ørsta-Volda distriktet, som andre byter frimerker.  Om dette gir resultat på sikt igjenstår å sjå.
Vi satsar på ei overrasking her, H.

Rollon - Nordborg
Toppkamp allrereie i 1. serierunde!  Mange nettider tippar byas store stoltheit Rollon som favoritt, med ringreven  trenar Stig Monsen i førarsete. 
Norbog blir halden som outsidar i toppen, i år med ein annan ringrev ved roret, tidligare Brattvåg-trenar Oddmund Otterlei. 
Norborg var ei periode svært sterke på eigenrekruttering.  I det siste har dei satsa meir på samarbeid og import og overgongsgebyr til NFF er ein av dei største utgiftspostane på budsjettet.
Vi held ein liten knapp på heimelaget og satsar på H.

MSIL - Åram/VanKam.
I motsetning til føregåande kamp er denne tippa som eit botnoppgjer.  MSIL er for fyrste gong på ca. 100 år blitt Sulalandets beste seniorlag.  Det må vel kallast ein liten sensasjon.  Eit rutinert og fysisk sterkt mannskap vil nok bite frå seg på heimebane so ÅVK får nok testa seg her.
ÅVK på si side har i år mista sin rutinerte ringrev-trenar "Odden" Seljeseth.  Likevel har dei litt Kragset i og rundt laget, og eit sterkt samhald i laget vil nok føre til ein del poeng, spesielt på heimebana Eidsåvoll.
Vi trur på ein knapp, men fortjent, H i dette oppgjeret.

So har vi eit par kampar der laga av ein eller anna merkeleg grunn ikkje kan halde seg til kampdag torsdag, som ER kampdag for 4. divisjon,  men må "ta ein Tuppeliga"  og legge kampane til fredag.

Blindheim - Hareid.
Blindheim berga seg med eit nødskrik i fjor.  Derfor satsar dei i år på å gjere som Langevåg, satse Islandsk, og rykke ned, uten nødskrik.  At dei har fått Skøyebygdaren "Jannen" Hellevik i sine rekker hjelp vel heller ikkje stort.  Han er igjen ekspert på islandsk.
Hareid er Hareid.  Dei driv og rykker, om ikkje anna, enten opp eller ned.  Dei siste åra har dei gledeleg nok med hell satsa på eigenrekruttering og lete Gurskingar og Herøyværingar vere i fred.  Litt "nedfallsfrukt" frå Hødd held kvaliteten på eit bra nivå og ringreven Hans Gisle "Kisse" Holstad er tilbake i manesjen som trenar.
Vi held på ein klar B i dette oppgjeret.

Valder - Godøy.
Ein klassikar!  I alle fall i Giske kommune.  Her er det David mot Goliat, ein kamp gøyingane elskar å vinne.
Valder er vel ein del svekka i år etter at nokre spelarar rak avgårde til det forgjette land, Skarbøvika.
Godøy på si side knotar vidare og held seg på 4. divisjonsnivå, til manges store overrasking.
Vi tippar at David overgår seg sjølv, igjen, og klarar ein U på Valdervoll.

Til dei som har tenkt å benytte desse bombesikre tipsa på Oddsen, gjer eg merksam på at eg tek 10% konsultasjonshonorar.  Kan settast på kto. til fotballgruppa på Skøye.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar