Sider

TIPPETIPS. RUNDE 3

Det går likar no.  Tre av seks i runde 2 er klar framgong.  Og denne runda skal laga ha honnør for at kampane går samla torsdag.  Slik vil vi ha det!

Stordal - Godøy
Ingen pangstart for nokon av laga.  Eit poeng til Godøy, to til Stordal etter 2 runder.  Vi let oss imponere mest av Stordal sine resultat til no, mot rimeleg sterk motstand, og går for ein klar H på erverdige Kirkebø stadion.

MSIL - Hareid
Dette blir vel som eit nabooppgjer å regne sjølv om det er nokre liter med sjø mellom dei to bygdene.
MSIL er ubeseira til no med to uavgjort, Hareid har tap borte og seier heime.  Hareid likar ikkje fergeturar so her har MSIL ein liten fordel.  Vi trur på ein ny U for Sulamittane.

Blindheim - Norborg
To samanraska lag møtast her. Begge har tre poeng etter to runder.  Norborg er tippa i toppen, islendingane på nedre halvdel.  Namnet Norborg passar i dag betre enn tidligare på dette laget, som kjem av Nordre Borgund.
Vi trur på eit jamnt og tett oppgjer der bydelslagt, som femner eit stort område, stikk av med seieren. H.

Emblem - Rollon
Bydarby med sentrum mot den ytterste utkant.  Utkanten har imidlertid tenkt å bli svært god og har derfor raska saman eit lag frå både fjærnt og nær, og nokre av dei er faktisk tilnærma bra fotballspelarar.  Vi trur at sentrumslaget si rutine på dette nivået blir avgjerande og held derfor på ein B i dette oppgjeret.

Ørsta - Åram/VanKam
Tilnærma nabooppgjer på søre luten.  ÅVK har to uavgjorte til no.  Ørsta er komt noko skjevt ut i forhold til eit tippa topplag og står med 1 poeng etter to runder.  Ørstaspelarane er no blitt litt meir trygg på namna til kvarandre so vi går for ein klar H i dette oppgjeret.

Valder - Skodje
Erfaringsmessig er dette ein låk arene for Skøyegutane.  Men med fullt mannskap og motoren påslått frå start, kan dei slå dei aller fleste.  Eit noko svekka Valder-lag har vel ikkje direkte imponert i starten, men vi er redd for at historia igjentek seg og tippar derfor ein knepen H.

1 kommentar:

  1. To av seks er altfor dårlig!
    At det ikkje skal gå an for desse 4. div. laga å spele slik som eg vil, med unntak av siste kamp då, naturligvis.

    SvarSlett