Sider

TIPPETIPS 2. SERIERUNDE

Etter ein tvilsom start med 1 rett på seks kampar i 1. runde,  krummar vi nakken og kastar oss ut i nye villstyrige tips.

Desse kampane blir spela torsdag 25. april, som det skal gjerast:

Godøy - MSIL
Det vart berre eit poeng til desse to laga i første runde i det MSIL spelte 2-2 heime mot ÅVK.  Godøy på si side tape nabooppgjeret på Valderøya 0-1.  Altso inga stor overrasking for nokon av laga.
Heime på Godøya, med godøyveggen i ryggen, brukar ikkje gøyingane å vere god å skubbe seg på.
Vi satsar derfor på ein H i dette oppgjeret. (kampen blir spela på Valdervoll)

Norborg - Emblem
Eit tippa toppoppgjer i Uggedalen.  Norborg tapte i første runde, ikkje overraskande, 2-4 borte mot Rollon.  Emblem på si side sleit seg til 2-0 over Skodje på Ebbemyra.  Begge laga har raska saman spelar frå fjernt og nær so den største utfordringa for desse, intil vidare, er å huske namnet på medspelarane.  Dei jobbar med saka.
Vi trur på eit fartsfyllt oppgjer som endar med U.

Ørsta - Rollon.
To Sunnmørske storheiter som begge er tippa i toppen av 4. div.  Ørsta har, som vanleg, tråla sine naboklubbar etter spelarar og fått tilbake nokre som ikkje heilt likte graset i Volda.  Rollon baserer si rekruttering mest på nedfallsfrukt frå sin nabo Aafk og skal i år ha lykkast å få inn nokre unggutar som kan å spele litt fotball.  Vi trur ringreven, rollontrenar Stig Monsen, ser til at alle poenga hamnar i bya.  B.

Skodje - Blindheim
Skodje kom litt skeivt ut med 0-2 bort mot Emblem.  Det som skuffa mest her var at laget skapte so lite framover og skora 0 mål.  Det liknar ikkje Skøye.
Blindheimdur på si side fekk ein pangstart med 3-1 over Hareid.  Det ryktast at seieren vart feira med mjød og stor åtgaum.  Blindheim si største utfordring ligg i språkbariera, men dei har no teke tak og snakkar berre engelsk i trening og kamp.
Skodje på si side har leigd inn ein islandsk tolk slik at ikkje dei skal bli tekne på senga av interne islandske finurligheiter.
Vi trur eit nermast reinrasa skøyebygdarlag kjempar seg til ein H i dette oppgjeret.

So har vi avvikarane, som må spele ein annan dag enn torsdag som er rundedag i 4. div.

Fredag 26. april:
Hareid - Valder
Igjen to travarar i Sunnmørsfotballen som stort sett held seg på 4. div. nivå, med enkelte avstikkarar oppover, og ein skjeldan gong nedover, i divisjonssystemet.
Valder må vel sei seg mest nøgd med åpningsrunda, medan Hareid vel hadde forventa litt meir enn 1-3 på Island.
Hareid har dei siste åra vore flinke til å rekruttere både til eige lag og oppover i divisjonane.  Det same har Valder men vart vel noko fortumla i år når so mange på ein gong (tre?) fann ut å prøve grønare gras i Skarbøvika.
Vi trur Hareid tek revansj frå forrige runde og vinn denne.  H.

Søndag 28. april:
ÅVK - Stordal
Stordal med kampdag søndag!  Det har vel ikkje skjedd på år og dag og kan vel neppe gå godt?
ÅVK tok seg eit startpoeng i 2-2 oppgjeret borte mot MSIL.  Stordal kapra og eit poeng med 0-0 heime mot Ørsta i første runde.
ÅVK er alltid gode heime på Eidsåvoll og kombinasjon med dette og Stordal med søndagskamp, gjer at vi trur på ein klar H i dette oppgjeret.

Til dei som satsa pengar på forrige rundes tippetips på Skodjebloggen er det berre å sei, omforladels!
Om tapet vart sort er det mulig å søke NAV om refusjon.
Men denne gongen går alt so mykje betre!



3 kommentarer:

  1. Sånn går det når tippetipsfenomenet InsideMan har gitt seg med oddstipsene.

    SvarSlett
  2. 2 av 4 rette torsdag.
    100% forbetring frå forrige runde.

    SvarSlett
  3. Etter at Hareid banka Valder 3-1 fredag er vi faktisk oppe i tre av fem rette. Ikkje at det gir noko premie nokon stad, men du verden for ein framgong frå 1. runde!

    SvarSlett