Sider

TIPPETIPS RUNDE 10

Smått fantastiske 0 rette sist.  Vi håpar og trur på ein viss framgong i runde 10 med mange heimefavorittar.

Torsdag 20. juni

Valder - Stordal
Stordal kjem frå eit litt forsmedelige tap i forrige runde, følte seg snytt med 2-3 tap heime mot Blindheim mens Valderøyingane tok ein skjelden borteseier med 4-2 i Mauseidvågen.
Vi trur at Valder har eit litt betre mannskap enn Stordal for tida, og sistnemnde slit vel fortsatt med å få på plass ei permanent trenarløysing.  Litt pussig med all den fotballkompetanse som finnast i bygda.
Valder har og fordel av heimebane og der brukar dei å dominere.  Klar H.

Blindheim - Åram/VanKam
Begge desse laga fikk ein liten opptur i forrige runde.  Blindheim er nemnt over mens ÅVK kneip eit nytt poeng med 2-2 heime mot Emblem og er dermed oppe i 3 poeng etter 9 runder.  Det luktar av nedrykk, om ikkje laget skulle ta "ein Skøye" i haustsesongen.
Vi trur på ein jamn batalje på Blindheim stadion men heimefordel og nokre eksotiske islandsinnslag tilsei H.

Rollon - Hareid
Begge lag kjem frå tap i forrige runde.  Rollon sleit som vanleg på Godøya og gikk på ein smell med 2-3 tap, det første for året. 
Hareid på si side tapte med forsmedelige 1-4 heime på Hareid stadion for det nye topplaget i 4. divisjon, Norborg.  Hareid har teke kun 1 poeng på dei 4 siste rundane og er ute av toppstriden for i år vil vi påstå.
Rollon skal ha det sterkaste mannskapet og sjølv om Hareid har fått tilbake sin spelemotor Husøy til denne kampen trur vi mest på byagutan, H.

Emblem - Godøy
Emblem vart vel litt overraska over den sterke motstanden dei fikk på Eidsåvoll i forrige runde mens Godøy laga ein liten skrell heime på Gøyna som nemnt ovanfor.
Emblemsbygdarane, som i dag snakkar bymål, er vel snart i mindretal på dagens lag, er heilt sikkert innstilt på å revansjere seg.  Godøy har spelt på seg sjølvtillit og vil heilt sikkert yte god motstand.
Vi held derfor på ein U i denne kampen.

Mauseidvåg og Solevåg - Ørsta
MSIL har slite litt i det siste og har hamna i botnstriden med sine 7 poeng på 9 kampar.  Ørsta på si side viser stadig stigande form og utførte ein mesterlig snuoperasjon heime mot Skodje i forrige runde.
Vi trur Ørsta er det laget som kjem til å utfordre dei to topplaga Norbog og Rollon utover i sesongen og då bør kampar som dette vinnast.  Rundas einaste B.

Norborg - Skodje
Og til sist, men ikkje minst, rosinen i pølsa i denne runda.  Lokaloppgjer på flotte Uggedalen stadion.
Norborg er ny serieledar i divisjonen etter sin flotte 4-1 triumf på Hareid.  Skodje på si side har vist tenner i det siste og følte seg litt snytt med 2-4 tap i Ørsta sist.
Norborg sitt lag i dag består av spelarar som er samanraska frå holmar og skjer uti Haram, med nokre innslag av Søvikarar og Grytastrandarar.  Skodje er eit meir reinrasa lag beståande av Skøyebygdarar med eit eksotisk innslag frå Ørskogbygda.
Vi trur på ein tett og jamn kamp med mykje publikum og ein dommar frå Brattvåg som heilt sikkert kjem til å halde med bortelaget.  U.

Takk og pris for at ingen av laga prøver seg på ein 3. divisjon i denne runda slik at alle kampane er samla til torsdag som ER kampdag for 4. divisjon.






3 kommentarer:

  1. Island, norborgimport og kampdag torsdag.
    Dette har faktisk vært nevnt 10 av 10 tippetipsrunder. Tror de fleste har fått det med seg nå.

    SvarSlett
    Svar
    1. "For øvrig er jeg av den mening at Karthago bør ødelegges" uttalte den romerske statsmannen Cato den eldre (ca. 200 år fkr.)etter kvart einaste innlegg han hadde i det romerske senatet.
      Til slutt fikk han rett.

      Slett
  2. 40 mål på 6 kampar i 4. div. i kveld. Smått utrulig!
    Valder - Stordal 5-3
    Blindheim - ÅVK 3-3
    Rollon - Hareid 3-4
    Emblem - Godøy 6-4
    MSIL - Ørsta 2-2
    Norborg - Skodje 3-2 Pokker!

    SvarSlett