Sider

TIPPETIPS RUNDE 8

5 rette av 6 i forrige runde.  Det må vi sei oss godt nøgde med og gyv laus på runde 8 som ligg an til ei H-runde.

Torsdag 06.06.

Blindheim - MSIL
Dette må vel reknast som eit lokaloppgjer med eit lag frå by-sida mot eit  frå øy-sida av Vegsundbrua.  Begge lag svingar ein del i prestasjonane, spesielt Blindheim som vel enno slit litt med integreringa.  MSIL klarte uavgjort heime sist mot Emblem og bør klare det same mot nabo Blindheim. U.

Emblem - Stordal
Emblem er komt litt lenger enn nabo Blindheim når det gjeld integrering i det dei slepp språkbarriera som naboen må slite med.  Stordal på si side ser ut for å ha rakna litt etter at trenar Stig Johansen tok sin caps og gikk etter tre serierundar.  Noko permanent ny trenarordning er vel heller ikkje på plass for Stordalingane etter det vi forstår.  Emblem må seiast å vere soleklar favoritt i denne kampen. H.

Rollon - Åram/VanKam
By mot land, topp mot botn og tilløp til "feige lag".  Trenar Stig Monsen styrer Rollon-skuta trygt på toppen.  ÅVK på si side slit i botnen med berre to poeng til no.  Har i tillegg sin spelande dommar  og toppskorar Halsen i karantene.  Om dette ikkje endar med heimesiger skal eg gå heim frå kampen Skodje-Hareid!  H.

Norborg - Godøy
Karane frå Nordre Borgund med omland held stand i toppen av tabellen.  Dei svingar ein del i prestasjonane, som dei fleste andre 4. div.lag, men har ein tendens til å ha marginane med seg.  Godøy på si side svingar minnst like mykje so dette kan bli meir spennande enn tabellen tilsei.  Men Norborg brukar å røyse seg etter ein litt svak kamp so vi går for ein H her.

Skodje - Hareid
Skodje er komt i flytsona, kva no enn slags sone dette er.  Etter det traurige 0-3 nederlaget heime mot MSIL er det blitt 7 gilde poeng på tre kampar og 5. plass på tabellen.  Det har butta litt imot for Haried dei siste par kampane med mellom anna tap heime mot Godøy, noko som sjokkerte både oss og andre.  Skodje sine ungkalvar på topp kjem nok til å skape ein del brydderi for Hareidsdølane og vi dristar oss til ein H i dette oppgjeret.

Fredag 07.06.

Valder - Ørsta
To tradisjonsrike klubbar som i periodar har vore med i toppen av Sunnmørsfotballen.  Kampdagen kan tyde på at laga fortsatt trur dei er i 3. divisjon, men det stemmer nok ikkje.  Valder fikk ein skikkelig opptur sist med storseier over Blindheim.  Ørsta spelte som forventa uavgjort mot Hareid heime.  Begge laga befinn seg midt på tabellen med 9 poeng.  Vi trur på ei jamnt oppgjer på Valdervoll men heimefordelen tilsei H.

2 kommentarer:

  1. 4 av 5 torsdag. Resultat:
    Blindheim - MSIL 6-1
    Emblem - Stordal 4-1
    Rollon - ÅVK 5-1
    Norborg - Godøy 4-1
    Skodje - Hareid 2-1 Hurraaa!

    SvarSlett
  2. So kom rundas einaste B, Valder - Ørsta 1-3.
    Dermed 4 rette av 6. Brukbart.

    SvarSlett