Neste lag ut er...
Haramsøy/Nordøy FK
PLASSERING I FJOR?
7. plass i 5. divisjon
SPILLERE I AVGANG?
Cato Longva, Preben Lorgen og Henrik Åkre til Norborg. Kristian Furnes også Norborg (lån HaNo hausten 2010). Åge Flem Ulla (Rollon). Spelarar som Asgeir Nogva og Kenneth Ulla med over 1000 HaNo-kampar tilsaman la opp i løpet av 2010-sesongen.
NYE SPILLERE?
Frå eigen G16-stall: Pål Forr Austnes, Robin Vindsnes Haram, Olve Sigurd Steen, Sigvard Steen, Mads Uri, Håkon Haram, Sindre Longva, Thomas Flem, Mert Haram. Joakim Austnes (Viking), Per Olav Sunde (comeback).
HVA FORVENTER DERE AV DISSE?
Joakim blir vel mest på sidelinja, medan dei unge jobbar det dei kan no, og det ser ut til at 3-4 av dei kaprar ein plass i start 11-aren til seriestart.
HVOR OFTE HAR DERE TRENT I VINTER?
Tre gongar i veka.
HAR TRENINGSOPPMØTET VÆRT BRA?
Mellom 12-18 på trening.
HVA ER MÅLET DERES FOR ÅRETS SESONG?
Å utvikle dei unge spelarane. Så får tida, viljen og innsatsen vise om det held til ståpålass i 5. divisjon.
HAR DET GÅTT BRA I VINTERENS TRENINGSKAMPER?
Så forskjellig, som forventa. Masse nye, unge spelarar som skal øve seg å kome inn i seniorfotball-modus.
HVORDAN TROR DERE TABELLEN ENDER?
Emblem vil også tape kampar, men blir sterkast pga jamnast stall. Dei rykker opp, medan Skodje, Ørskog, Stordal og Ellingsøy kjempar om plassane 2-4 som kanskje gir 5. divplass i 2011.
HVEM TROR DERE VINNER DE ØVRIGE AVDELINGENE?
Flø og Brusdal. Litt usikker på kven som spelar der, merkar vi... Men kanskje Åram/VanKam knuser alle i avd 1, og stallsterke Herd2 vinn denne andre.
HVA VET DERE OM SKODJE SITT LAG?
Stor entusiasme som kjem frå innad i spelargruppa. Meir usikker på korleis det er i resten av bygda rundt a-laget. Kg-bane er på plass, og viss ein måkar den for snø, blir det bra. Krumtappar som Ytreberg, Erstad x 2, Hjelvik og Aure tek laget til ein plass på pallen, trur vi. Ser også at Nedreskodje er henta inn for å avsløre HaNo sine sterke og svake sider, hehe!
Skodjebloggen retter en stor takk til HaNo, ved Odd Einar Molnes, for å ha tatt seg tid til å svare på våre spørsmål.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar